– Hellbillies anno 2018 er i betre form enn nokon gong, skryter bandet sjølv, som består av f.v. Egil Stemkens, Lars Christian Narum, Bjørn Gunnar Sando, Aslag Haugen og Lars Håvard Haugen. Foto: Agnete Brun/Handout.

Hellbillies skal i platestudio etter haustturneen

Hellbillies har planane klare for hausten, melder countryrockveteranane.


– Planen er å gi publikum over heile landet ei skikkeleg god konsertoppleving, før vi stikk i studio igjen for å spele inn eit nytt album, heiter det frå bandet, som også kjem med ein god porsjon ærleg sjølvskryt i Facebook-meldinga til fansen:


– Hellbillies anno 2018 er i betre form enn nokon gong!


Haustturneen omfattar i alt 19 konsertar. Den blir sparka i gang 28. september på Gjøvik, og tar dei til kulturhus og klubbar rundt i landet før det blir runda av med to desemberkonsertar på Storefjell Resort på Golsfjellet.


Hellbillies har ifølgje pressemeldinga 1.600 konsertar bak seg, og har selt opp mot ein million album i sine førebels 28 år.


Førre langspelar var «Søvnlaus», som kom i oktober 2016. Der trådde Egil Stemkens inn som bassist etter at Arne Sandum pensjonerte seg tidlegare same år. Inn kom også ein ny låtskrivar på tekstsida, Tom Roger Aadland, sjølv om Arne Moslåtten framleis var representert med fire låtar.


Dei to Haugen-brørne Aslag og Lars Håvard samarbeidet også tettare om komposisjonane, sa dei til NTB då. (©NPK)