Tog på Sandane 8. mai 1945.

Heis flagget på frigjeringsdagen!

Laurdag 8. mai er det 76 år sidan frigjeringa av Noreg i 1945.

Dei grenselause jubelscenene i bygd og by over heile landet viste til fulle kva folk og nasjon hadde vore gjennom. Ein må ha opplevd fem år med krig og undertrykking for å skjøne kor stort det var då freden endeleg var eit faktum.

Tusenvis av nordmenn ofra livet i kampen mot dei tyske okkupantane. Dei gav alt for at framtidige generasjonar skulle få vekse opp og leve i eit fritt og demokratisk Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er langt frå sjølvsagt. I respekt for dei mange som kjempa for noko som var langt større enn seg sjølv, bør vi alle heise flagget på frigjeringsdagen 8. mai!