Arbeidsutvalet i Vestland SV. Frå venstre ny organisatorisk nestleiar Vibeke Johnsen frå Sogndal, attvald leiar Hege Lothe frå Gloppen og ny politisk nestleiar Jarle Brattespe frå Bergen.

Hege fekk fornya tillit

I helga samla Vestland SV seg til fylkesårsmøte i Vestlandshuset i Bergen, etter å ha gjort sitt beste kommune- og fylkestingsval på 20 år. Partiet har no 69 lokalt folkevalde og 5 folkevalde i fylkestinget i Vestland.

Hege Lothe (51) frå Gloppen held fram som leiar i Vestland SV.

– Umenneskeleg framferd

I ei pressemelding seier ho at ho er stolt over å leie eit lag med mykje engasjement, og trekkjer særleg fram fråsegnene «Stans den israelske staten sitt vanvidd – Vestland SV i solidaritet med Gaza» og «Beskytt kvinner – omvendt voldsalarm nå!», som utsendingane vedtok.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den israelske staten si framferd er umenneskeleg og heilt forferdeleg å følgje med på, og den norske regjeringa må gjere meir for å stanse massedrapet, seier Lothe om behovet for ein solidaritet med sivilbefolkninga på Gazastripa.

– Noreg må leggje press på Israel ved å innføre sanksjonar på eksport eller vidaresal av norske våpen, og ved å fryse frihandelsavtala som Noreg har med Israel. Vestland SV krev dessutan at Noreg anerkjenner den palestinske staten.

Fylkesårsmøtet hadde åresal under middagen laurdag kveld, for å samle inn pengar til Norsk folkehjelp sitt humanitære arbeid på Gazastripa. Der vart det samla inn over 12 000 kroner.

Omvendt valdsalarm

Fylkesårsmøtet vedtok også fråsegna «Beskytt kvinner – omvendt voldsalarm nå».

– Omvendt valdsalarm må nyttast meir. I den korte tida sidan nyttår har det vore mange partnardrap. Det er mange som er redde no, seier Marthe Hammer, gruppeleiar i Vestland SV.

Sjølv om Noreg har relativt låge drapstal, hadde vi i 2023 dei høgaste på ti år – og fire av ti drap i Noreg er partnardrap.

– I mange av tilfella hadde dei utsette allereie varsla om partnarvald, utan at det vart gjort nok tiltak. Som samfunn må vi også styrke innsatsen mot vald mot kvinner og barn, vald i nære relasjonar, valdtekt og seksuell trakassering, heiter det i pressemeldinga.

Nytt styre

Med seg inn i året har fylkesleiar Hege Lothe eit nytt styre. Årsmøtet har valt Jarle Brattespe (38) frå Bergen som ny politisk nestleiar, Vibeke Johnsen (57) frå Sogndal er vald som ny organisatorisk nestleiar, og Asle Olsen (42) frå Bjørnafjorden er ny økonomiansvarleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resten av fylkesstyret består av miljøpolitisk leiar Jens Revold, fagpolitisk leiar Knut Remi Heimvik, kvinnepolitisk leiar Kristin Hartvedt, distriktspolitisk leiar Kai Øystein Søvde, Silje Nordtveit Olsen frå Kvinnherad, Mari Svartveit Hansen frå Ullensvang, Eva Mikkelsen frå Bergen, Milkissa Wodajo frå Bjørnafjorden, Gabriella Haugland frå Vestland Sosialistisk ungdom og Marthe Hammer, gruppeleiar i fylkestinget.