Per Sævik. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Havila kjøper seg opp i Fjord1

Reiarlagsfamilien Sævik frå Herøy på Sunnmøre aukar eigardelen sin i ferjeselskapet Fjord1 for 450 millionar kroner. Dermed vil dei no kunne kontrollere over 90 prosent av selskapet.

Havilafjord AS er eit selskap heileigd av Havila Holding. På onsdag gjekk dei inn for ein vilkårsbunden kjøpsavtale om å overta rett i overkant av 4,7 millionar aksjar i Fjord1 til ein pris på 52 kroner per aksje, melder Dagens Næringsliv.

Det er Per Sævik og dei tre barna hans som eig Havila Holding AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Selskapet er òg i ein prosess med å kjøpe 3,85 millionar Fjord1-aksjar frå Rungde Holdco. Samla vil dette utgjere ein kjøpesum på 447 millionar kroner.

Etter aksjehandelen vil Havila Holding ha ein eigardel på 93,6 prosent i Fjord1.

(©NPK)