Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) er straks klar med Nasjonal transportplan 2022–2033. Arkivfoto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Hareide legg fram tidenes største milliardplan

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) legg fredag fram ein nasjonal transportplan som i milliardar er større enn nokon gong.

På kontoret har samferdselsministeren ein plakat. Der står det: «Kjære Gud, la det bli fredag, mandager kommer likevel.»

– Og eg ser spesielt fram til denne fredagen, naturleg nok, seier Hareide til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter statsråd fredag 19. mars legg Hareide nemleg fram Nasjonal transportplan 2022–2033. Ein plan som det er knytt stor spenning til, i både positiv og negativ betydning.

– Vi veit at det er mange som har jobba veldig hardt, og som dette betyr veldig mykje for. Vi vil at både dei som er samde med oss, og dei som er usamde med oss, skal få lov til å vere førebudde, seier Hareide.

– Derfor synest eg det er riktig å gi datoen når vi no veit at det blir fredag.

Milliardrekord

Lekkasjane frå planen byrja å drype allereie i byrjinga av mars:

* ja til dobbeltspor på Ringeriksbanen mellom Sandvika og Hønefoss

* vegprosjekt på Vestlandet på meir enn 60 milliardar kroner

* forlengd bybane i Bergen

* 4 milliardar kroner til utbetring av E6 i Nord-Troms

Artikkelen held fram under annonsen.

* 3 milliardar kroner til ny flyplass i Bodø

* 1,8 milliardar kroner til ny storflyplass i Rana

* 896 millionar kroner til ny tunnel på riksveg 13 i Suldal i Rogaland

* 500 millionar til trafikktryggleik for barn

Hareide vil ikkje avsløre den totale ramma for planen. Men det er ein større pengesum enn i nokon tidlegare plan.

– Det er ein ambisiøs plan. Det er ein plan som i milliardar er større enn nokon gong. Og det er ein realistisk plan, seier Hareide.

Heile landet

Samferdselsministeren er open om at nokon kjem til å bli skuffa.

Det er lagt opp til ein mindre auke år for år enn i førre NTP. Og regjeringa har sett kritisk søkjelys på fleire krevjande prosjekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er prosjekt som kjem til å vere sakna på Vestlandet, Austlandet og i Nord-Noreg. Men det er òg prosjekt som vi har prioritert på Vestlandet, Austlandet og i Nord-Noreg. Vi har prioritert prosjekt over heile Noreg, seier Hareide til NTB.

– Når eg presenterer dette fredag, så trur eg folk kjem til å seie at vi har sett heile Noreg. Det er ikkje éin region som har vunne eller tapt, seier han.

Mindre bompengar

Statsråden kan òg avsløre at han i den nye NTP-en har prøvd å skåne bilistane for auka utgifter til bompengar.

– Vi får reelt sett litt mindre bompengar. Det handlar ikkje om at eg ikkje kan akseptere bompengar. Men eg vil ikkje ha eit nivå som fører til at vi får motstand mot det, seier han.

Hareide understrekar at han ikkje har noko problem med bompengar sjølv.

– Eg har aldri lova null i bompengar. Men eg er oppteken av at vi må ha legitimitet. Vi må ikkje få for stor motstand knytt til bompengar.

Eit anna viktig satsingsområde er kollektiv og miljø i byane, ifølgje Hareide.

– Det er ein tydeleg samanheng mellom klimaplanen vår og Nasjonal transportplan. Det kjem folk til å sjå.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)