Heidi Sægrov og GHK bør vinne mot Kjøkkelvik i Bergen søndag. Poeng mot Årstad laurdag vil vere som bonus å rekne.

Har to poeng i sikte i Bergen

Både damelaget og herrelaget til GHK har dobbeltkampar på bortebane denne helga. Damene bør vinne ein av kampane i Bergen, medan herrane truleg får det vanskeleg i Oslo.

Denne helga går turen til Bergen. Det ventar Årstad laurdag og Kjøkkelvik søndag. Årstad har plassert seg på 2. plass på 3. divisjonstabellen etter sju sigrar på åtte kampar. Då laget vitja Trivselshallen i slutten av oktober, blei det 34-17-siger mot eit sjanselaust heimelag. Mykje tyder på at Årstad tek begge poenga i denne kampen også.

Om vi ikkje er særleg optimistiske med omsyn til poengsjansane laurdag, er vi klare på at dei raudkledde frå Gloppen bør ta to poeng mot Kjøkkelvik søndag. Laget frå Laksevåg har tapt alle dei seks kampane dei har spelt, mellom anna 11-15 mot GHK i serieopninga tidleg i haust. Dette er eit lag glopparane må halde bak seg på tabellen. Alt anna enn siger vil såleis vere ein nedtur.

GHK sitt herrelag har slite med å plukke poeng i 2. divisjon og står med den eine sigeren dei fekk mot Bergen Vest i den siste kampen før jul. Laurdag blei det ellevemålstap mot Bergsøy i Fosnavåg.

Også denne helga blir det tøft å ta poeng. Laurdag står Vålerenga for tur i Jordalhallen. Laget frå Sotahjørnet vann 36-22 i Trivselshallen i haust, ligg på øvre del av tabellen og blir naturleg favoritt i denne kampen.

Søndag skal glopparane måle krefter mot Bækkelaget Håndball Elite 2. Det motsette oppgjeret i serieopninga var jamt, men Bækkelaget vann til slutt 24-21. Oslo-laget ligg på 4. plass på tabellen med 14 poeng etter 12 kampar, så GHK må vise seg frå den beste sida si om det skal vere håp om kjærkomne poeng.