Måndag vart det søkt etter den sakna på land. Det vart søkt etter utslag på metalldetektor dagen før.

Har starta gravearbeid i raset

Det vart i 11-tida måndag starta søk med gravemaskin i rasområdet på sørsida av Jølstravatnet. Politiet driv søket i samband med leiteaksjonen etter den sakna mannen.

- Vi har starta graving i området ved raset i tilknyting til vegbana og ned til strandlinja. Dette gjer vi med bakgrunn i brannvesenet sitt søk med metalldetektor søndag. Vi vil halde fram søket i vatnet, og går tysdag inn med ROV-miniubåt og magnetsøkar frå båt. Vi ser det fornuftig å grave i dag, fordi vi uansett må vente til i morgon før vi har miniubåten på plass, fortel innsatsleiar i politiet, Trond Olav Hatlenes.

Ein mann i 50-åra har vore sakna og er anteken omkomen etter ras i Jølster førre tysdag. Vitne observerte då ein bil i vatnet.

- Det har vore mange ulike observasjonar, og det er uvisst kva som er blitt sett. Det kan ha vore sett noko som liknar ein bil i vatnet, utan at vi kan seie det sikkert. Det vi veit, er at mannen er sakna, og vi leitar no breitt for å finne han, seier Hatlenes.

Ikkje gjort funn


Raset går over hundre meter av vegbana på fv. 451. Politiet har sett i gang graving på tre punkt.

- Dei områda vi søkjer i no strekk seg totalt over om lag 80 meter. Vi vil halde fram med graving i dag, før vi driv vidare søk i vatnet i morgon, fortel Hatlenes.

Klokka 14.20 hadde gravinga framleis ikkje ført til funn.

 

Arve Dvergsdal frå Jølster Brann og redning har vore høgt og lågt siste veka. Måndag var han på plass i raset på sørsida for å følgje med på søket etter den sakna.