Andre nyhende: Det blir nok ikkje nokon Haugesundhall på Byrkjelo - i alle fall ikkje i denne omgang. Det heile var nemleg ein aprilspøk.

Har sekslingar i sauefjøset for første gong

Rune Gimmestad har vore sauebonde sidan 1986. Aldri har han opplevd slik lamming i sauefjøset som i år. 30 søyer har nedkome med 95 lam. Det er blitt ein sekslingfødsel, to femlingar og 11 firlingar. I tillegg ei rekkje trillingar og nokre få enkle fødslar.

Sauebonden tykkjer det er kjekt, men peikar på at det slett ikkje er slik ein sauebonde eigentleg ønskjer det. Alt over trillingar er ei ekstra påkjenning både for søya og dei som steller dyra, for ikkje å snakke om sekslingar.

– Sjølve fødselen gjekk veldig fint. Det eine lammet etter det andre ploppa ut, smiler Gimmestad. Medan andre sauehaldarar no tel ned til lamminga, er han nesten komen halvvegs. Det skuldast ein glipp.

– Eg tok ikkje vêrlamma frå i år. Det har eg aldri brukt å gjere, og det har alltid gått fint, seier han. Kvifor det gjekk som det gjorde nett denne gongen, veit han eigentleg ikkje heilt, men resultatet let ikkje vente på seg. Vêrlamma har verkeleg forsynt seg hos villege søyer.

– Eg har 70 lammesauer. 30 av dei vart med lam, fortel han.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.

Det er liv i sauefjøset til Rune Gimmestad. Han har vore sauebonde i 25 år. For første gong har han sekslingar i fjøset.