Blomar ved Myklebustdalselva etter at Thomas Niiranen Hamre blei borte der natt til 21. juni 2026.
Mange har lagt ned blomar og tent lys ved Myklebustdalselva dei siste vekene.

Har oppretta leitefond

– Responsen har vore formidabel etter at vi la ut informasjon om Thomasfondet i sosiale medium onsdag kveld, seier Jan Erik Mardal.

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om mykje av leitearbeidet som blir gjort i privat regi etter den sakna Thomas Niiranen Hamre er på frivillig basis og ikkje kostar noko, er det ein del tenester som krev midlar.

På denne bakgrunnen har ei gruppe starta opp eit fond – Thomasfondet – der midlane i sin heilskap skal gå til å finansiere leitebistand, utstyr, logistikk og andre tiltak som kan bidra i det vidare søket etter den sakna.

– Familien er rørt

– Responsen har vore formidabel, vi har allereie fått inn betydelege midlar. Leiteaksjonen er teknisk og fagleg krevjande, og mange ser pengestøtte som deira moglegheit til å bidra, seier Mardal, som er talsmann for familien, og held fram:

– Det er svært mange som har synt si støtte ved å gje til fondet. Familien er rørt over engasjementet og vil rette ei stor takk til alle pådrivarane og alle som bidreg. Dette gjev dei håp om at Thomas vil bli funnen, det skal i alle fall ikkje stå på pengane.

Offisiell informasjonskanal

Thomasfondet gjev ei ryddig og open ramme rundt støtta. Fondet er organisert som ei eiga foreining med organisasjonsnummer, vedtekter, styre og eigen bankkonto.

– Kvart bidrag, stort eller lite, bidreg til å dekke allereie pågåande arbeid og halde moglegheitene opne etter kvart som nye leiteinitiativ skulle bli aktuelle, skriv foreininga på den offisielle informasjonskanalen sin på Facebook.

Her vil dei publisere informasjon om fondet, innsamlinga og relevante oppdateringar.

Powered by Labrador CMS