Illustrasjonsfoto.

Har løyvd 32,9 millionar for å hjelpe born og unge

– Vi er svært opptatt av situasjonen til dei unge og den psykiske helsa i denne svært krevjande tida, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har løyvt 32,9 millionar kroner til ulike hjelpetiltak.

Det samrøystes vedtaket i fylkestinget var i samsvar med tilrådinga i fylkesutvalet. I tillegg vart eit forslag frå Rosalind Fosse (Frp) også samrøystes vedteke. Det gjekk på at det skal vere dialog med fylkesting for ungdom og Vestland ungdomsutval, samt elev- og studentorganisasjonane i Vestland om bruk av pengane.

Strakstiltak

Fylkestinget har avsett pengane til strakstiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

20 millionar kroner skal gå til å motverke dei psykososiale verknadane av koronapandemien for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

I tillegg skal 12,9 millionar kroner gå til å redusere talet på elevar med «ikkje vurdert» eller stryk.

Følgjande tiltak er vurderte:

Open skule på ettermiddagar

Ulikeaktivitetar på skulene

Leksehjelp

Webinarrom psykisk helse til dei tilsette i skulane

Webinarrom psykisk helse til lærebedrifter og opplæringskontor

Webinarrom psykisk helse som kan nyttast i samband med foreldremøte

Artikkelen held fram under annonsen.

Støttetelefon for elevar og lærlingar som treng nokonå snakke med

Tett oppfølging av elevar og lærlingar frå rettleiingstenestene og skulane

Samarbeid med frivillige organisasjonar om ulike aktivitetar og tiltak

Fylkesrådmannen har fått fullmakt til å disponere midlane i dialog med hovudutval for opplæring og kompetanse, fylkesting for ungdom og Vestland ungdomsutval, samt elev- og studentorganisasjonane i Vestland. Arbeidet vil ta til så snart som råd.