Det er eit område på kring ti gongar ti meter som har brunne.

Har sløkt skogbrann

Brannvesenet har kontroll på ein skogbrann i området ved Dimma på Vereide.

Det opplyser brannsjef i Gloppen, Kjell Aske, like over klokka 19 søndag kveld.

– Det var folk i området som gjorde ein kjempejobb. Dei fekk varsla tidleg og dempa brannen. Han var under kontroll då vi kom fram, seier Vakthavande brannbefal, Joar Flølo og legg til at brannen vart varsla av personar på den andre sida av Nordfjorden:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei såg røyken og melde frå.

Flammane stogga berre nokre få meter frå ei hytte i Dimma hytteområde. Brannvesenet driv ettersløkking på staden.