– Har kanskje gått litt fort

– Byrkjelo idé og utviklingslag ser all utvikling som positiv, men her har ein kanskje gått litt fort og ukontrollert fram, skriv leiar Jon Bjørn Fløtre om Stig Eikaas sin skulpturpark.

Sist veke reagerte Åse, Nils og Gunn Åse Moldestad på at Stig Eikaas har fått breie rundt seg med stadig nye skulpturar i Byrkjelo sentrum. Skulpturparken hans er no utvida til også å omfatte friområdet på austsida av Myklebustdalselva.

– Byrkjelo idé og utviklingslag ønskjer eit reint og ryddig sentrum folk har lyst til å stoppe i. Vi ønskjer difor at Gloppen kommune tek fram godkjende reguleringsplanar for både austsida og vestsida av elva og ser spesielt på friområda, skriv Jon Bjørn Fløtre.

I papirutgåva måndag kan du lese meir om kva bebuarar i området meiner om skulpturparken.