Gjer du som Kai Petter Sårheim (f.v.) Ingvill Hestenes og Knut Roger Nesdal har gjort her og lar deg ta bilete av i denne ramma under nattope i kveld, er du med i trekninga av eit gåvekort. Føresetnaden er at du handlar lokalt og at handleposen blir med på biletet.

Handle lokalt og vinn gåvekort

– Dei som tek sjølvi med handleposen sin i denne ramma, er med i trekninga av eit gåvekort på 5.000 kroner, seier Ingvill Hestenes, Kai Petter Sårheim og Knut Roger Nesdal.


Gloppen Næringsorganisasjon (GN) ønskjer å setje fokus på lokal handel. Støtta av kommunen, lovar dei at alle som handlar lokalt på nattope i kveld og som blir fotograferte i denne ramma ved Gloppebua, er med i trekninga av eit gåvekort som kan brukast i alle butikkar i Gloppen.

Lagar liv og røre

– Dette er ei oppfølging av inspirasjonssamlinga tidlegare i haust. Vi ønskjer å setje fokus på lokalt næringsliv og lokal handel. Vi har mange spennande butikkar i kommunen, og oppmodar om å tenkje lokalt og bruke desse butikkane i julehandelen, seier nestleiar i Gloppen Næringsorganisasjon, Ingvill Hestenes.

Ho minner om at butikkane lagar liv og røre i sentrum og er flinke til å støtte lag og organisasjonar med basarvinstar.

– Butikkane skaper òg arbeidsplassar. Det er viktig å handle lokalt og støtte alt butikkane bidreg med, supplerer næringssjef Knut Roger Nesdal.

Sosiale medium

For å vere med i trekninga av gåvekortet som er gjeve av kommunen ved ordføraren, må du stille deg opp i ramma som blir plassert ved Firdatun og la deg fotografere saman med handleposen din. Du kan ta bilete sjølv eller la andre hjelpe deg.

– Biletet skal leggjast ut på sosiale medium, merka med emneknaggen som blir ståande på ramma her, seier styremedlem i GN, Kai Petter Sårheim.

Stuntet vil bli gjenteke ein av laurdagane før jul, så her blir det to sjansar til å stikke av med verdfulle gåvekort – viss du handlar lokalt!