Tredje runde i noregscupen i handbak gjekk av stabelen i Førde laurdag, med Jølster handbakklubb som arrangør.
Arrangørklubben kunne gjere opp status med fire førsteplassar under stemnet laurdag. Dermed vart jølstringane beste klubb.
Lang finalekamp
det stilte 70 utøvarar frå 12 klubbar til start, i tillegg til to frå Latvia og to frå Litauen. Etter tre runder av cupen leiar Jølstringane samanlagt i klubbkonkurransen.
Den lengste kampen laurdag var Ottar Berg sin finalekamp i 90 kilos klassen. Den gjekk over tre runder før Ottar berg kunne innkassere sigeren. dei andre Jølstringane som vann sine klassar var Runar Berg, Jan-Erik Sunde og Jørn Kjelsnes Frivik. Jølstringane tok også fleire pallplasseringar.
-Det var ein stor dag for Jølster Handbakklubb, seier leiar og primus motor, Ottar Berg.