Innsiget av villaks til Flomselvi i Indre Sogn er halvert sidan 1980-talet. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Halvering av villaksstammen i elv i Sogn

Innsiget av villaks til Flåmselvi i Indre Sogn er halvert sidan 1980-talet.

– Det er kritisk når det gjeld villaksen. Det er nummeret før utrydding, seier Anders Fretheim, som har vakse opp ved elva, til NRK.

Fleire faktorar har påverka bestanden. Mellom anna gav arbeid i elva etter ein flaum i 2014 villaksen svært hard medfart.

Fretheim meiner det no er lakselus og rømt oppdrettsfisk som er det store problemet.

Eva Thorstad, forskar i NINA og medlem av Vitskapleg råd for lakseforvaltning, fortel at det i mange elver er det redusert fiske eller stengt for fiske.

Det er i Midt-Noreg og Vest-Noreg bestandane har gått mest tilbake. I nord har situasjonen vore meir stabil, medan det i Sør-Noreg har vore ein auke grunna kalking etter sur nedbør.

(©NPK)