HÆ? Eit liv som tunghøyrd
Journalist Frank Rossavik kjem til Sandane.
Gloppen høyrselslag inviterer til temakveld med journalist, aviskommentator og forfattar Frank Rossavik.
I boka «HÆ? Et liv som tunghørt» fortel han om korleis nedsett høyrsel har prega heile hans yrkesliv og privatliv. Han skriv om fordommar og manglande tilrettelegging, og krydrar det heile med episodar som syner kvifor livet som tunghøyrd journalist kan kallast ekstremsport.
Annonse
I løpet av sin karriere har Rossavik intervjua politikarar i inn- og utland. I boka si skildrar han utfordringar som han har hatt i si yrkesutøving.
Rossavik si bok er svært engasjerande og det same kan seiast om føredragshaldaren Rossavik.
Gloppen høyrselslag har difor gleda av å inviterere til eit ope møte for alle interesserte.
Vel møtt.