Andreas Nygjerd.

Gullmedalje til fotograf på Sandane

Hell/Oslo, søndag 8. april 2018: Norges Fotografforbund sitt årlege landskonkurranse vart halde på Hell søndag kveld 8. april. Fotograf i Bergen, Arne Beck, vart kåra til «Årets Fotograf NFF 2018».

I år tok Andreas Eikeseth Nygjerd gullmedalje i kategorien Portrett for bildet «Portrait of a couple»» og heiderleg omtale for bilda «Jonas Øren», «Musician Björn Nyman» og «Henrik».

Andreas Eikeseth Nygjerd har studert portrettfotografi hos den store portrettmeisteren Hans Jørgen Brun i Bergen, og åpna sitt eige studio på Sandane i 2014. Han er premiert med fleire fotoprisar dei siste åra, ikkje minst fleire medaljar på Norges Fotografforbunds landskonkurranse, der han i 2014 også vart kåra til «Årets student/lærling».

Premieutdelinga fann stad på Norges Fotografforbund sitt landsmøte på Hell 8.-11. april.

Juryen besto av juryformann Jens Eldøy og jurymedlemmer Jim Lowe, Knut Koivisto, Antti Karppinen, Ragne Kristine Sigmond og Laila Villebeck.

183 fotografar hadde levert inn 728 arbeid til landskonkurransen i år. Det vart delt ut 10 gull, 21 sølv, 52 bronse og 489 heiderlege omtalar.

Om konkurransen
Norges Fotografforbunds landskonkurranse er open for medlemmar i Norges Fotografforbund og andre yrkesutøvande fotografer. Kvar fotograf kan sende inn fire fotografi i klassene; Portrett, Bryllup, Barn, Digitalt Arbeid, Kommersielt, Natur, Reportasje og Årets Student/Lærling. Fotografen med høgaste poengsum vert Årets Fotograf NFF.