Sport: Ole Arild Aa og Bertel Oddne Mjellem har vore der før. I år var det duka for tredjemann i skarpskyttartrioen frå Hyen. Nils Holme er klar for Kongelaget under Landsskyttarstemnet i Steinkjer.

Grunneigarar søkjer om skadeløyve på 10 hjortar

– Hjorten har vorte eit problem på bøane på Ommedal fordi bestanden er i største laget. Problemet har auka i løpet av dei 10 siste åra, og det har aldri vore så store beiteskadar som det var i vår. Det er det mest proteinrike graset som vert tatt, seier Bjørn Rygg i Ommedal Jaktvald.
Grunneigarane i Ommedal har no sendt søknad til Gloppen kommune om skadeløyve på hjort. Gjennom heile året er bøane i Ommedal utsette for beiting av hjort, med dei konsekvensane det får for avlingane. Rygg vil difor at ein skal prøve å ta ut ein del av dei dyra som går på bøane, særleg gjeld det dei som går der om våren og sommaren.

Les meir i papirutgåva.

Hjorten gjer så stor skade på avlingane i Ommedal i Hyen at grunneigarane har søkt om skadeløyve på kring ti dyr. (Ill.foto)