Dåverande landbruks- og matminister Jan Georg Dale opna den norske standen under Grüne Woche i Berlin i 2017. Foto: Innovasjon Noreg.

Grüne Woche 2022 i Berlin er avlyst

Arrangøren av Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin melder at arrangementet i 2022 er avlyst på grunn av koronasituasjonen.

Arrangøren Messe Berlin gjer det klart at med den auka smitten både i Tyskland og resten av verda, og innskrenkingar med ansiktsmaske og avstand, vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre IGW på ein skikkeleg måte.

Arrangøren ser fram mot IGW 2023 og er innstilt på å halde fram tradisjonen med denne viktige landbruks- og matmessa i Berlin.

Artikkelen held fram under annonsen.

IGW er ein viktig møteplass for matbransjen, der ein kan møtest, smake og oppdage mat og drikke i fellesskap.

Noreg skulle stille med Trøndelag og Fjord Noreg som deltakarregionar, og dei var godt i gang med førebuingane.

Landbruksdepartementet og Innovasjon Noreg vil samarbeide tett med dei prosjektansvarlege i regionane for å sjå på korleis dei eventuelt kan gjennomføre eit alternativt opplegg med utgangspunkt i eksisterande planar, heiter det i ei pressemelding frå departementet.