– Regjeringa skal spele på lag. Det skal ikkje vere den overkjøringa og tvangstenkinga som var ved førre regime, avslutta Vedum talen sin, til stor applaus frå landsstyremøtet. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB.

Grønt lys for oppløysing av Troms og Finnmark

I eit brev kommunal- og moderniseringsminister Bjørn Arild Gram har sendt til Troms og Finnmark fylkeskommune, gir regjeringa grønt lys for oppløysing.

– Der står det rett ut at no skal dei to fylka stå opp igjen. Vi kan starte prosessen, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i talen sin til landsstyremøtet i Senterpartiet fredag ettermiddag.

– Regjeringa skal spele på lag. Det skal ikkje vere den overkøyringa og tvangstenkinga som var ved førre regime, avslutta Vedum talen sin, til stor applaus frå landsstyremøtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I brevet frå Gram står det at regjeringa som kjend vil leggje til rette for deling av tvangssamanslåtte kommunar og fylke som sender søknad etter vedtak i fylkesting eller kommunestyre.

– Det kjem fram av regjeringserklæringa at regjeringa vil sende ei sak til Stortinget med forslag om å innvilge den innsende søknaden frå fylkestinget i Troms og Finnmark, skriv han.

Statsråden opplyser vidare at regjeringa om kort tid vil gi informasjon om korleis arbeidet med å dele tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar blir lagt opp.

Finansminister og partileiar Trygve Slagsvold Vedum talte til Senterpartiets landsstyremøte på Gardermoen fredag. Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB.