Statsminister Erna Solberg på pressekonferansen om koronasituasjonen og reiser. Foto: Annika Byrde/NTB scanpix/NPK.

Grønt lys for Europa-ferie – men berre til land med låg smitte

Om tre veker slepp både innreisande turistar og nordmenn som har vore på ferie i Europa å gå i karantene. Men berre for land med kontroll på smitta.

– Sånn som det ser ut akkurat no, ville til dømes Tyskland vore grønt, Portugal raudt, medan Spania er det vi kan kalle for grått fordi vi no ikkje har gode nok data for å vurdere det ut frå kriteria, sa helseminister Bent Høie (H) då han og regjeringa presenterte dei nye reiseråda torsdag.

Folkehelseinstituttet (FHI) har fått i oppgåve å lage eit kart over kva land som oppfyller eit sett med objektive krav til smittesituasjonen. Dei landa som får grønt lys, blir godkjende feriedestinasjonar for nordmenn, og samtidig får turistar frå desse landa sleppe inn i Noreg utan karantene frå 15. juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan endrast

Kartet for Schengen- og EØS-området vil vere klart 10. juli og skal deretter oppdaterast kvar 14. dag i takt med smitteutviklinga.

– Ein kan altså risikere at ein bookar ferie på eit tidspunkt der eit land har lågt smittetrykk, nokre veker seinare kan landet ha fått ein forhøgd smitterisiko og ikkje lenger oppfyller kriteria. Då må ein i karantene når ein kjem heim. Ein kan òg risikere lokale restriksjonar. Mellom anna har Tyskland no stengt ned to område på grunn av smitteutbrot, det same har ein region i Spania gjort, seier statsminister Erna Solberg (H).

Ho understrekar tydeleg at det er stor uvisse rundt situasjonen.

– Dette er ikkje berre opp til norske styresmakter å bestemme. Det er faktisk situasjonen for smitte som er avgjerande. Så det å reise utanlands inneber ei betydeleg uføreseielegheit, understrekar Solberg.

Gotland mistar godkjent-stempel

Viss du vil ha føreseielegheit må du planleggje å feriere i Noreg, ifølgje statsministeren. Med seg på pressekonferansen hadde ho eit ferskt døme på at reiseråda kan endrast fort. Ho kunne fortelje at nordmenn ikkje lenger kan reise til Gotland i Sverige utan å hamne i karantene, slik ein har kunna gjere dei to siste vekene.

– FHI kjem i dag med ei oppdatert vurdering som viser at smittesituasjonen på Gotland ikkje lenger oppfyller kriteria, sa Solberg på pressekonferansen.

Bortsett frå Sverige kan ein framleis reise til alle andre delar av Norden utan karantene ved heimkomst.

– Ikkje oppmoding

Parallelt med at regjeringa har stilt krav om karantene ved heimkomst frå Europa, har òg dei offisielle råda frå UD vore å unngå reiser utanfor dei «godkjente» områda i Norden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart som karantenereglane blir endra, vil òg UD oppdatere reiseråda sine.

– Sjølv om UD frå 15. juli gjer unntak frå reiserådet for dei landa som FHI tilrår, så er ikkje det ei oppmoding til å reise. Dei som planlegg ei reise, må setje seg godt inn i restriksjonar og smittevernreglar for det landet ein planlegg å reise til, understrekar utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Ho legg til at smitteutviklinga i Europa framleis er uoversiktleg og kan endre seg raskt.

– Kvar enkelt bør tenkje nøye gjennom om det er nødvendig å reise, seier utanriksministeren.

Fakta om dei oppdaterte reisereglane:

* Frå 15. juli kan nordmenn reise til Europa og komme heim igjen utan å gå i karantene – føresett at landa oppfyller dei norske smittevern-kriteria.

* Regjeringa hevar òg innreiserestriksjonane frå 15. juli for innbyggjarar i EØS- og Schengen-området.

* Innan 15. juli skal Folkehelseinstituttet utarbeide ei liste over land som framleis vil vere ramma av reiserestriksjonar.

* Frå 14. mars har Utanriksdepartementet rådd mot reiser som ikkje er strengt nødvendige til alle land.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fakta om koronakriterium ved utanlandsreiser:

Dette er dei såkalla objektive kriteria for vurdering av kva land ein kan reise til utan å måtte i karantene ved heimkomst.

* Smittetilfelle må vere under 20 per 100.000 innbyggjarar dei siste 14 dagane.

* Innleggingar på intensivavdeling må vere under 0,5 per 100.000 innbyggjarar dei siste 14 dagane.

* Talet på positive koronatestar må vere under 5 prosent (av gjennomførte testar) dei siste 14 dagane.

* Alle med mistenkt covid-19 uavhengig av alvorsgrad blir oppmoda til å bli testa.

* Land må ha etablert eit system for smittesporing rundt alle stadfesta tilfelle.

* Det må vere tilgjengeleg informasjonsmateriale for alle som reiser.

(Kjelde: FHI)

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)