Med litt omtanke og varsemd vert det ein ny fin grillsesong utan brannskader på store og små.

Grillsesongen er i gang

Kvart år får born og vaksne alvorlege brannskader ved grillen. Då kan det kanskje passe med nokre gode råd til deg som no skal fyre i gang grillsesongen.

Tilbodsavisene renn over at grillar og grillmat på tilbod, og det skal ikkje mange solstrålane til før grillosen bŕeier seg i nabolaget.

– Det er sosialt og hyggeleg å grille, men dessverre er ikkje kosen risikofri. I tillegg til personskader ser vi også ein del brannar i samband med grilling. Men det er også urovekkande at vi i fjor fekk inn fleire forsikringsskader som gjaldt skålding og grillrelaterte skader på barn, sier pressekontakt Arvid Steen i Tryg Forsikring.
Han peikar på at grillflaten er ofte akkurat i høgde for små, nysgjerrige barnehender og ser at brannskadene born får pfte vert særs alvorlege

- Eit anna skadedøme er grilling i middels veir, der grillen vert dratt heilt inntil husveggen for å finne le. Fristande, men sjølvsagt særs brannfarlig. Sett grillen minst ein meter frå vegg og anna brennbart materiale, oppmodar han.

Voldsomme branner
Kvar sesong er grilling årsak både til grassbrann, krattbrann, containerbrann og bustadbrannar.

Med fleire voldsomme skogbrannar friskt i minne frå i fjor, er det all grunn til å vere varsame med grillkosen, meiner forsikringsselskapet.

Pass på underlaget
- Med enkle grep sørger du sjølv for tryggare rammer rundt grillen, seier Steen, som fyrer av første grillbud:

- Eingongsgrillen skal plasserast på eit underlag som ikkje kan brenne, seier han. Det seier seg sjølv at grillen vert varm på undersida og kan sette fyr på underlaget.

- Etter grilling, så pass på at grillen er skikkeleg sløkt og avkjølt med vatn. Ta med grillen heim, den skal ikkje kastast i naturen. No har det også kome mange små, bærbare gassgrillar som fungerer som eit bra alternativ til eingongsgrillen. De gassgrillane er langt meir sikre, og ikkje minst ureinar dei ikkje i det heile, sier Steen.

Aldri ekstra gassflaske nær grillen
Skal du grille med gass, bør du gjere deg godt kjent med rettleiinga for gassgrillen.

- Følg instruksjonane for bruk og vedlikehald av grillen nøye. Sjekk med jamne mellomrom gasskobling og slange for å unngå lekkasje eller tilstopping. Smør ei blanding av såpevatn på slangen. Skru på gassen. Om det er lekkasje vil det kome såpebobler ut av slangen. Då kan ikkje slangen brukast. Ha heller aldri ekstra gassflasker nær grillen, er rådet frå Tryg.

Gassflasker med bulkar eller rust må ikkje brukes.

Grillvettreglar:
1. Grillen skal stå trygt og stødig med god avstand til brennbart materiale.

2. Ha alltid ei bøtte vatn eller ein hageslange nær grillen.

3. Barn skal aldri væere åleine eller leike i nærleiken av ein tent grill.

4. Bruk ikkje flagrande eller laustsittande tøy under grilling.

5. Bruk tennbrikettar eller små mengder tennvæske ved opptenning.

6. Bruk ikkje tennvæske på varm grill.

7. Hald grillen under oppsyn så lenge den er varm.

8. Aska skal vere kald før den vert tømd på ein sikker stad.

9. For mykje alkohol og grilling høyrer ikkje saman.

10. Ha alltid førstehjelpsutstyr for behandling av brannskader tilgjengelag.

Kilde: Tryg og Norsk Brannvernforening