Tung snø på straumleidningane gir utfordringar for kraftselskapa.

Grender utan straum

Strekninga Skjærdalen–Årevik er i føremiddagstimane tysdag utan straum. SFE arbeider med å finne feilstaden. Samtidig ber dei publikum rapportere om dei ser snøtunge greiner og anna som heng over kraftlinene.

– Vi set pris på om folk tek kontakt med oss dersom dei ser greiner som heng tett over linja. På den måten kan vi unngå straumbrot. Samtidig er det viktig at folk held avstand om dei ser tre som er i kontakt med eller har ramle ned på straumlinjene, seier kommunikasjonsdirektør Jannicke Lindvik i Sogn og Fjordane Energi.

I ei melding på Facebook går ho ut og ber folk om hjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når det kjem mykje snø på kort tid skaper det utfordring for straumnettet og dei som skal følgje det opp. Tung snø i tre, buskar og kratt kan gjere at vegetasjon kjem i kontakt med straumlinjene og det igjen kan føre til feil. Ta kontakt med vakttelefonen vår dersom de ser noko som bør meldast inn, som snøtunge greiner, eller at linjene heng lågt på grunn av snø, seier ho.

Slik håper ho at SFE kan vere i forkant og unngå straumbrot. I tillegg ber Lindvik folk vere forsiktige.

– Gå aldri i nærleiken av eller strekk skistaven opp mot ei straumlinje. Hald god avstand også til tre eller evt anna som har komen i kontakt med leidningane, oppmodar Lindvik.