Gode poengsjansar for damene

GHK sitt damelag møter Fyllingen 2 på heimebane søndag ettermiddag. To poeng bør vere innan rekkevidde.

Glopparane står med sju strake tap, men med solide forsterkningar i dei tidlegare GHK-spelarane Marte Heien Hansen og Ingunn Reikvam Ravnestad, bør det vere von om betre tider.

Motstandar søndag er Fyllingen 2, eit lag som ligg på plassen framfor GHK på tabellen. I det motsette oppgjeret i slutten av oktober vann fyllingsdølene 25-16. Vi trur likevel dette er ein kamp Gloppen har gode sjansar til å avgjere til sin fordel, og set pengane våre på heimelaget.

GHK sitt herrelag skal til Fosnavåg for å møte Bergsøy i morgon. Sunnmøringane har klatra til 3. plass på tabellen, men måtte slite for poenga då dei vitja Trivselshallen i slutten av november. Den jamne kampen vart avgjort i sluttminutta.

GHK viste spelemessig betring utover hausten. I den siste kampen før jul kom den første sigeren, borte mot Bergen Vest. Bergsøy blir naturlege favorittar i Herøyhallen, men om framgangen til glopparane held fram, vil heimelaget få kamp om sigeren.