Ein kveiteåker. Foto: Frank May/NTB/NPK.

Gode avlingar i vente frå haustkveiten

Korn som vart sådd i fjor haust, har klart seg godt gjennom vinteren. Dermed ser det bra ut for årets avling, som blir ekstra viktig på grunn av Ukraina-krigen.

I Noreg blir det meste av kornet sådd om våren og treska om hausten same år. Men ein del kveite blir sådd om hausten og spirer kort tid etter. Det gir større og betre avlingar. Men vinteren i Noreg kan vere hard, og frost og soppangrep kan gjere at plantane døyr.

Denne vinteren gjekk det bra, det aller meste av haustkveiten har komme seg godt gjennom vinteren, melder Norsk institutt for bioøkonomi ( NIBIO).

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2021 vart det sådd haustkveite på om lag 300.000 dekar.

– Plantane når maksimal frosttoleranse i desember. Frå desember byrjar likevel frosttoleransen å minke. Jo lenger ut på seinvinteren vi kjem, jo mindre kulde toler plantane, forklarer NIBIO-forskar Anne Kari Bergjord Olsen.

Hausten 2021 var relativt mild på Austlandet, og plantane vart ikkje optimalt herda. Heldigvis kom dei lengste kuldeperiodane i vinter før plantane byrja å miste frosttoleransen. Det er framleis litt uvisst korleis det har gått i område med gjentakande frost, isdekke eller langvarig snødekke. (©NPK)