God avslutning på Anda

2.392 personar reiste til eller frå Sandane lufthamn Anda i desember 2015. Dette er 213 fleire enn i 2014.

Julemånaden vart dermed ein opptur i eit år då dei fleste lufthamnene i landet måtte notere seg for nedgang i talet reisande.

– Har bra trafikk

Totalt 35.262 passasjerar tok av frå eller landa på Sandane lufthamn i 2015. Dette er 1.949 færre enn i 2015. Nedgangen tilsvarer 5,2 prosent.

– Det går sin vante gang, eg synest vi har bra trafikk, vi har ikkje så mange avgangar, seier områdeleiar i Widerøe, Ivar Solheim og rapporterer om god regularitet og elles stabile tilhøve på den einaste flyplassen i Nordfjord.

Les meir i papirutgåva onsdag.