I fjor hadde Gloppen kulturskule sin første store julekonsert i Kultursalen, det vart ein suksess, førstkomande torsdag inviterer dei til ny konsert. Her frå fjorårets konsert. Foto: Firda Tidend.

Gloppen kulturskule sin store julekonsert torsdag

I fjor inviterte Gloppen kulturskule til vår første store julekonsert. Det vart so vellukka, at vi ynskjer å halde fram med dette og gjere det til ein tradisjon.

Derfor har vi arbeidd godt gjennom hausten med ein ny julekonsert, og er no klare til å setje publikum i skikkeleg julestemning. Det skjer i Trivselshagen torsdag 17. desember.

Distriktsmusikar Ann-Margrit Silfverhielm har sett saman songelevane sine til eit kor som skal framføre fleire nyare julesongar, m.a. Carola Häggkvist sin vakre Himlen i min famn og Maria Mena sin nydelege Home for Christmas.
The Snowman er eit eventyr om ein liten gut som lagar ein snømann på julekvelden. Når klokka slår 12, vaknar snømannen til live, og tar guten med seg på flytur til Julenissen. Howard Blake laga musikk til filmatiseringa av denne barneboka frå 1978, og Walkin` in the Air er ein av dei mest kjente songane derfrå. Koret med solistar skal også framføre denne på julekonserten.

Sofia Hyttedalen

Sofia Hyttedalen er ein av elevane det er naturleg å ha med på ein stor julekonsert. Ho skriv mykje musikk sjølv, og denne gongen fekk ho ei utfordring ho tok på strak arm, nemleg å skrive ein julesong. Resultatet blei veldig vakkert, songen heiter Til deg eg kjem.

Det blir også danseinnslag på julekonserten, dansarane våre skal m.a. danse til All I want for Christmas is you. Storbandet skal sjølvsagt spele, både A Child is born og Let it snow – og vi skal for fyrste gong på kulturskulen få høyre litt av Mozart sin Leiketøyssymfonien med elevar på stryk og slagverk.

Mektig avslutning

Som avslutning på julekonserten får vi høyre to av våre aller flottaste julesongar, først O helga natt, og så heilt til slutt Deilig er jorden. På Deilig er jorden har vi både kor og orkester, i tillegg til publikum som er med og syng.
Velkomne på konsert!