Styringsgruppa for flyplassutbygginga har vedteke å gå vidare og starte detaljplanlegginga. Byggjestart er varsla til sommaren.

Gloppar oppdaga hyenia

Marit Rygg er tilsett på Firda vgs. Ho har supplerande og ikkje minst korrigerande opplysningar om hyenia der det heile starta med ei oppmoding frå Hagelaget i Sogn og Fjordane til alle kommunane om å velje ein kommuneblom. Dermed fekk vi innspel om at hyenia var eit naturleg val sidan namnet kjem frå det første funnet gjort i Hyen.
Hyenia vart funne som eit plantefossil. Vi antyda etter eit brev frå Olav Rønnekleiv at det kunne vere professor Rolf Nordengen som gjorde oppdaginga. Det stemmer ikkje. Marit Rygg har dei eksakte opplysningane.
– Det var Erik Åsebø som fann dei første plantefossila på Vestlandet, ved Gjegnalundsbreen, om lag 800-1200 meter over havet. Fossila er i sandstein og konglomerat frå mellom-devon, frå 390 mill. år sidan, seier Marit. Ho opplyser at her var fleire artar, den eine var ikkje funnen før og tilhøyrer ei eiga slekt som heller ikkje var funnen før nokon stad i verda

Les heile saka i papirutgåva måndag

Marit Rygg opplyser at det var lærar Erik Åsebø som først oppdaga hyenia. Teikninga er frå boka ”Norges fossile flora av Ove Arbo Høeg.