Gloppar er innstilt som mållagsleiar

Peder Lofnes Hauge (31) frå Sandane er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag, skriv mållaget i ei pressemelding.

- Nordmenn møter for mykje bokmål i kvardagen, meiner Lofnes Hauge som er foreslått som ny Mållags-leiar etter landsmøtet i april.

- Vi må leggje til rette for at alle møter meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar. Bokmål er fint i dikt, men nynorsk passar til alt overalt, seier 31-åringen.

Han meiner det er viktig både for nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar å kunne bruke og sjå nynorsk rundt seg.

Det er eit rekordstort Mållag som samlar seg til landsmøte på Sola i april. Med 13 591 medlemmer er Mållaget Noregs viktigaste språkorganisasjon og på mange måtar fagforeininga til nynorskbrukarane.

Peder Lofnes Hauge er utdanna lærar og er i dag nestleiar i Noregs Mållag. Han kjem frå jobben som politisk rådgjevar for finansbyråd Erlend Horn (V) i byrådet i Bergen.

- Bergen har gjort mykje bra for nynorsken dei siste åra, men det er først og fremst eit nasjonalt ansvar å sikre det nasjonale bruksspråket nynorsk, seier Lofnes Hauge som vil halde regjeringa i øyra.

- Uavhengig av kven som sit i regjering, skal mållaget passe på at dei ikkje køddar med nynorsken. Ei regjering utan omsorg for heile det norske språket kan ikkje vere ei regjering for heile Noreg.

Lofnes Hauge vil eventuelt overta etter Magne Aasbrenn som har vore leiar i Mållaget i fire år.

- Det er mange i organisasjonen som har peikt på Peder som ny leiar. Han kjenner organisasjonen godt, har det politiske handverket i fingrane og har klåre ambisjonar for Noregs Mållag i åra framover. Vi er overtydde om at han er ein god leiarkandidat, seier Kirsti Lunde, leiar i valnemnda.