Sjåføren på denne bilen var glad vart teken i kontroll.

Glad han vart stoppa i kontroll

Ein utanlandsk lastebilsjåfør var særs letta då han vart stoppa med for slitne dekk i ein tungbilkontroll i Førde torsdag.

Mannen hadde prøvd å få kjøpt nye dekk og utstyr som passa for norske vintertilhøve lenge, og etter kontrollen gav selskapet han køyrde for grønt lys for å skifte alle dekka.

Kontrollen førte til at to firma fekk vart oversendt til føretakskontroll for brot på køyre- og kviletidsreglane, og ein sjåfør fekk åtvaring for det samme. To køyrety fekk bruksforbod for manglande sikring av last, og eitt fekk bruksforbod og gebyr for overlast. Ein lastebileigar fekk skriftleg mangellapp for å ikkje ha montert utstyr som skal vere på under transport av farleg gods, ein førar fekk gebyr for å mangle kjettingar, og fem køyrety fekk skriftleg mangellapp på grunn av tekniske manglar.

96 køyrety var innom kontrollplassen og 17 av dei vart kontrollert nærare.