Barnehagane i kommunen ønskjer å tilby varierte opplevingar i nærmiljøet og skape gode verdiar slik at barna blir stolte av heimstaden sin. Her er Hyen barnehage på Høgdene.

Gjev barna varierte opplevingar i nærmiljøet

12. mars vart barnehagedagen markert i alle barnehagane i kommunen. Temaet i år var kulturarv med tittelen «staden min».

Føremålet med markeringa av barnehagedagen er å setje søkjelyset på korleis barnehagane arbeider og alle dei varierte aktivitetane barna får vere med på.

Lokale tradisjonar

– I år ønskte vi å vise korleis vi legg til rette for at barna skal bli kjende med kulturarven i sitt nærmiljø. Det er viktig at barna lærer om lokale tradisjonar for å skape tilhøyrsle og identitet til sin heimstad, seier Pernille Holmøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Temaet «staden min» set også fokus på kva barnet kjenner som sin stad. Det kan vere i grupper som dei utviklar nære relasjonar og tette band med. I barnehagen byrjar dei gjerne på ei småbarnsavdeling saman med jamaldringane sine. Dette er trygt og godt, og gradvis utvidar barnet horisonten sin.

Barnehagane ønskjer å tilby varierte opplevingar i nærmiljøet og skape gode verdiar slik at barna blir stolte av staden sin.

Rygg Barnehage

I Rygg barnehage har ein sidan nyttår hatt fokus på ulike kunstuttrykk. Barna har fått prøve ulike måleteknikkar. Dei har til dømes måla med kol, akvarell og oljemåling.

Borna i Rygg barnehage har fått studere skulpturar.

Barnehagen har reist litt rundt i kommunen og sett på skulpturar. Dette avlar mykje fantasi og gode historier som viser seg i barna sine arbeid.

Barnehagedagen vart markert med eiga kunstutstilling i Rygg barnehage.

– Barnehagedagen markerte vi med å invitere foreldre til kunstutstilling i barnehagen, fortel Holmøy.

Mona barnehage

Storbarnsavdelingane i Mona barnehage nytta dagane i forkant av barnehagedagen til å lære om symbola i ordførarkjedet.

– Vi var heldige å få besøk av ordføraren som fortalte om desse symbola, og vi fekk sjå nærare på kjedet, fortel Else Lundestad Bakkelid.

Storbarnsavdelingane i Mona barnehage nytta dagane i forkant av barnehagedagen til å lære om symbola i ordførarkjedet.

Småbarnsavdelingane har snakka om Ryssdalshornet og hatt formingsaktivitet rundt dette. På sjølve barnehagedagen gjekk avdelingane på tur til Myra og Langisane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Småbarnsavdelingane i Mona barnehage har hatt fokus på Ryssdalshornet.

Hyen barnehage

Med slagordet «staden min» har Hyen barnehage hatt fokus på kva kulturarv ein gjev vidare til barna som veks opp i Hyen. Her er mykje å velje i. Nyleg skipa til dømes barnehagen til vinterolympiade på Høgdene der alle barna på storbarnsgruppa fekk prøve seg på ski og gjennomføre ulike øvingar.

– Det var heiarop, norske flagg og medaljeseremoni med nasjonalsong frå høgtalarane. Borna fekk kjenne på meistring, samhald og idrettsglede. Barnehagen har også hatt besøk av bygdekvinnelaget som lærte borna å lage tradisjonelle kringler. Mattradisjon er ein viktig del av kulturarven vår, og borna tykte det var spennande å forme deigen og sjå korleis resultatet vart, fortel Ragnhild Zachariassen, og legg til at barnehagen har vitja lokale bønder tidlegare år og har mellom anna fått vere med på lamming.

Hyen barnehage har hatt besøk av bygdekvinnelaget som lærte borna å lage tradisjonelle kringler.

– Vi er verkeleg heldige som har eit lokalsamfunn som ønskjer å stille opp og gje borna våre positive opplevingar og kjennskap til kulturarven vår. I høve barnehagedagen ønskte vi difor å gje noko tilbake til bygda, så borna i barnehagen har vore med på å teikne kort som vi har delt ut til naboar og foreldre, forklarer ho.

Hyen barnehage ønskte å gje noko tilbake til bygda på barnehagedagen, og delte ut dette kortet.

Nygård barnehage

Nygård barnehage arbeidar til dagen med å utforske kva som er viktige faktorar i nærmiljøet for at små og store skal ha det godt.

Om borna i Nygård barnehage opplever at dei vaksne tar vare på menneska og miljøet rundt seg, vil dei gjere dette sjølve også.

– Ved å ta vare på alt rundt oss, tek vi også vare på kulturarven vår. I Nygård vil det seie å ta vare på dei frøa vi sår om våren, ta vare på kaninene i fjøsen og ekorna i trea, ta vare på jorda, grønsakshagen og la makkane få pusle på slik dei vil. Ikkje minst er det viktig å ta vare på kvarandre. Ingenting skapar vel meir «staden vår»-kjensle enn å ha trygge og gode relasjonar til dei rundt seg. Om borna opplever at dei vaksne tar vare på menneska og miljøet rundt seg, vil dei gjere dette sjølve også, fortel pedagogisk leiar Hege Felulah Ravnestad.

Austrheim barnehage

Austrheim barnehage ligg på det største gravfeltet frå førhistorisk tid på heile Vestlandet.

Borna i Austrheim barnehage på tur for å lære om menneske som levde på Vereide i tidlegare tider.

– Det er difor kjempespennande å sjå spor etter og lære om menneska som budde her for mange tusen år sidan, fortel Gunn Svendsen.

Bakkeligrenda barnehage

Bakkeligrenda barnehage har kort veg til eit fint skogsområde. Her er det laga ein leirstad som vert mykje brukt av storbarnsavdelinga. Bålet vert samlingsstaden for barna slik det har samla menneske i alle kulturar gjennom tusenar av år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Rammeplanen (2017) kan ein lese at barnehagen skal fremje danning ved å bidra til: «… at barna kan forstå felles verdiar og normer som er viktige for fellesskapet» og «… å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen».

Bakkeligrenda barnehage ønskjer å vidareføre norsk friluftstradisjon og turkultur til barna.

– Vi har eit ansvar for å vidareføre norsk friluftstradisjon og turkultur til barna våre. Vi gir dei høve til å oppleve det enkle friluftslivet og å tileigne seg kunnskap om trygg og omsynsfull ferdsel i naturen, fortel Lisbeth R. Kvellestad.

Nordstranda barnehage

– Om vi er på tur, i fjæra, i åkeren, hos dyra på prestegarden eller er i barnehagen så handlar det for oss om å nytte kropp, stemme og blikk hos vaksne og barn inn i opplevingane våre, inn i relasjonen vår, fortel Marit Lysholm i Nordstranda barnehage.

Staden min har ei forankring i det musiske, eit språk for kjensler og personlege opplevingar.

«Staden min» i Norstranda barnehage har ei forankring i det musiske.

– Ved bruk av verktøya musikk, drama og forteljing legg vi til rette for at barn kan oppleve seg sjølv som skapande og uttrykkjande menneske i møte med andre. Den vesle augeblinken er ei verd av opplevingar, seier ho.

Breim barnehage

Breim barnehage har etablert Go`flekkjen som gjenspeglar nærmiljøet barnehagen er ein del av, jordbruksbygda Breim. Her får barna erfare naturen sitt krinsløp frå jord til bord. Barna får også lære ved å gjere: så, dyrke, hauste og lage noko av det ein haustar. Her får små og store jobbe med berekraft i praksis og erfare jordbrukskulturen som ein del av vår kulturarv.

– Dette er med på å stette rammeplanen sine krav om at barnehagen skal fremje berekraftig utvikling og respekt for naturen. Barna får medverke i kvardagslivet, fortel Anette Støyva.

I Breim barnehage får barna erfare at jordbrukskulturen er ein del av kulturarven vår.