Illustrasjonsbilete.

Gjekk seg vill

Ei kvinne i 20-åra fann ikkje vegen ned att etter ein tur på fjellet Taket i Fjaler måndag.

Røde Kors, politi og SeaKing vart varsla og kvinna vart etter kvart henta ned med helikopter.



Rett før midnatt måndag vart det meldt om brann i ein ventilator i eit bustadhus i Utvik. Meldaren fekk etter kvart kontroll, og brannvesenet var ute og hjalp til med etterslukking.



Måndag kom det inn ei melding om at det dreiv ei kvit jolle på fjorden mellom Sæla og Kråkeneset i Naustdal. Etter ei stund melde eigaren seg, og det heile vart teke hand om.



I Førde fekk politiet seint måndag kveld inn klager på høg musikk frå mange av dei som bur rundt Festplassen.