Rådmann Jan Kåre Fure.

Gjekk med overskot

Dei førebelse rekneskapstala viser at Gloppen kommune gjekk med 3,2 millionar kroner i pluss i 2016. Det er rådmann Jan Kåre Fure godt nøgd med.

– Dette er eit førebels tal. Kjem revisor over feil, må vi gjere endringar i rekneskapen. Difor må eg ta eit lite atterhald. 3,2 er likevel eit godt tal, seier rådmannen i Gloppen.

Kommunen hadde ein svikt i skatteinntektene i fjor på nær ein million kroner. Det eksakte talet her er 904.534 kroner.

– Sjølv om vi ikkje hadde inntekter på badeanlegget i Trivselshagen, betalte vi husleige i heile fjor. I tillegg til dette fekk vi ei rekning frå skatteetaten på ein million kroner knytt til leigeinntekta for Gloppestasjonane i 2015. Denne skatten hadde vi håpa at vi skulle sleppe å betale. Desse tre einskildpostane dreg alle i feil retning. At vi likevel kjem ut med eit overskot på over tre millionar kroner, tykkjer eg er brukbart, seier han.

Det er ifølgje rådmannen ikkje noko mål for kommunen å gå med store overskot.

– Målet vårt er å ha kontroll og styring på inntekter og utgifter, kommenterer han.

Les meir i papirutgåva onsdag.

Rådmann Jan Kåre Fure.