Illustrasjon: Per Gunnar Stensvaag.

Gerrymandering på norsk

Lesarinnlegg av Per Gunnar Stensvaag, Trysil: 

Elbridge Gerry var visepresident i USA frå 1813 til han døydde året etter. Namnet hans er udøyeleggjort mykje meir av di han som guvernør i Massachusetts var notorisk i ein særeigen politisk kunst, manipulering av einmannskrinsane til kongressen. Når desse kan endrast kvart tiande år, drar ofte fleirtalspartiet i dei einskilde statar strekane slik at valet skal slå best mogleg ut for dei. Resultata kan verta grotesk utsjåande kartutsnitt. Ein avisteiknar sette auge og klør på ein av Gerry sine bisarre danningar så den likna ein salamander. Samanstilling av ein guvernørs namn og eit amfibium er framleis eit kjent omgrep, "gerrymander". Geografiske misfoster vert det også av vår heimlege politiske hestehandel, ein norsk avart av gerrymandering som i neste omgang kan føra til endring av valdistrikta.

I USA vil sterke krefter ha slutt på den utilbørlege gerrymanderingen, og ingenting tyder på at dei vil fylgje den norske trenden med endringar av administrativ inndeling. Tvert om vert den halde heilag. Leiting med ljos og lupe gjennom historia avslørar berre éi grenseendring mellom statane, ein kuriositet frå 1857 då ein liten flekk vart overført frå Massachusetts til New York. Stabilitet gjeld i høg grad også for dei over 3000 counties.

Er strukturell rigiditeten dumt? Vert ikkje stabile grenser normalt sett på som eit gode? Sjølv Erna har gjeve uttrykk for sistnemnde haldning. I fjor vart det foreslege å gje nokre skarve kvadratmeter i 100-årsgåve til Finland slik at deira høgste punkt skulle hamna på det 1361 meter høge Halti framfor steinkastet nede i lia. Statsministeren sa nei. Ein tuklar ikkje med grenser.

I andre land gjeld denne regel også innanlands. Lurvelevenet i pågåande prosessar her heime gjer det lett å konkludera med at faste strukturar er ei velsigning. Korleis skulle det ha gått i sterkt polariserte USA om dei også skulle krangla om slikt? Tvinga til å finna løysingar innanfor eksisterande struktur slepp dei evige diskusjonar om grensejusteringar eller samanslåingar og spekulasjonar om at slike endringar i seg sjølv er eit sesam-sesam. Trua på det vert fort ei sovepute. Det vert til dømes peika på høgt fråfall i den vidaregåande skulen i Finnmark, men vil det betre seg berre av di fylkesgrensa forsvinn? Alle kommunar kan oppleve tronge tider. Om samanslåing kvar gong var løysinga, ville vi ha vore nede på éin kommune for lengst. Fleire lik i éi kiste gjev ikkje eit levande vesen. Det gjeld å ta tak i sjølve problemet framfor å ty til strukturendring som løysing. Slik sett har regjeringstida til dei blå-blå vorte fem tapte år.

I næringslivet kan nye kostar markera seg med å finna opp hjulet på nytt. Organisasjonskarta, reine labyrintar med strekar i alle retningar mellom boksar fylt med namn på store og små sjefar, snus rundt på, men kor vart det av framskrittet? Det er fort gjort at omveltingane i staden sug energi ut av verksemda. Andelen mislukka fusjoner er også skremmande høg.

«Framoverlente» politikarar har hevda at fylkes- og kommunestrukturen lyt vera dynamisk. Skal Noreg verkeleg ha flytande grenser? Framdrift og innovasjon lyt ein ha, men stabilitet er også ein viktig suksessfaktor. No vert åtak på sistnemnde nytta som føresetnad for å få til dei to fyrste. Anten det gjeld høgskular, sjukehus, Nav-forvaltning, politi eller ymse andre institusjonar vert det under rådande reformpsykose gripe til same løysing. Det kan vera eit særs synleg, men ofte akk så lite samfunnstenleg vis å syna handlekraft på. Evna til å finna gode løysingar og drive samfunnsbygging kan forsvinna der ein overdriven endringskultur rår. Sjølvsagt kan det vera mykje å klaga på i kva organisasjon som helst, men ved å tru at alt skal verta så mykje betre i ei større eining, vert energien kanalisert mot reine luftslott.

Framfor å vera til hinder kan faste strukturar tvert om vera limet i eit samfunn. Innanfor både lokale og regionale einingar gjev dei folk kjensla av å ha ei hand på rattet samstundes som grenser ikkje bør hindra samarbeid over dei. Øydeleggjande lokaliseringsstrid, maktkamp og posisjonering oppstår heller når dei vert fjerna. Dertil kjem alt det sekundære som lyt hengja med i svingane ved strukturendringar, alt frå telefonkatalogar, matrikkelinndeling og registrering av fiskebåtar via stort og smått innan offentleg, privat og friviljug verksemd til det som fort kan verta ei fylgje av regionreforma; mandatfordelinga på Stortinget.

Haltande og sjølvmotseiande argument florerer. Forandring skjer for forandringa si skuld, og nåde dei som nemner ordet reversering. Dei vert raskt stempla som sidrumpa bakstrevarar, men kven er det eigentleg som reverserer? Kommunereforma, der dei ansvarlege måler eigen suksess i tal avvikla lokaldemokratiske einingar, lyt jo vera eit sjumilssteg attende til tida før 1837 då vi fekk Formannskapslovene med intensjon om lokalt sjølvstyre. Sogn og Fjordane går i revers til 1763 om fylket igjen vert lagt under Bergen. Reformer kan derimot vera fine greier om dei har eit reelt innhald og ikkje berre er påskot for sentralisering med elendig eller manglande dokumentert behov for minimumsstorleik.

Skulle Finland ha fått den ørlille biten med gråstein, laut saka ha passert Stortinget med 3/4 fleirtal. Noregsskartet vert omrokkert i ekspressfart med ned mot éi røyst i overvekt, ofte sterkt i strid med folkeviljen, med rekordlåg entusiasme og utan truverdig grunngjeving, ordentleg utgreiing eller sedvanlege høyringsrundar. Om administrativ inndeling ikkje nødvendigvis bør vera hogd i stein, lyt eventuelle endringar koma etter ynske nedanfrå, etter ei mogningstid og når det rår brei semje om saka. Toppstyrte heseblesande prestisjeprosjekt fører berre til eit himla spetakkel og dårleg resultat.

Hareides initiativ for å leia KrF bort frå hestehandlinga med sentraliseringsregjeringa tenner ei von om at all denne ulukksalige mishandlinga av Noregskartet vil opphøyra. Vi er ikkje tente med gerrymandering på norsk.