Foto: Vegar Pedersen/Statens naturoppsyn (SNO).

Gauper tok «selfie»

Ein månad etter at Vegar Pedersen i Statens naturoppsyn (SNO) i Nordland sette opp eit MMS-kamera der han hadde spora gaupe, vart det blinkskot.

Pedersen tok bilda med eit viltkamera i januar i år, skriv rovdata.no. Eit viltkamera tar bilde når det er noko som beveger seg framfor linsa. Pedersen er regionalt fagansvarleg for rovviltovervaking i Nordland, og hadde spora ei familiegruppe av gaupe i området i november. Kameraet vart plassert på ei smal hylle med steinur nedanfor.

Kamera fanga både bilde av to jamstore vaksne gauper, truleg ei ho og ei hann, og ei hogaupe med ein unge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overvakingssesongen for bestandsregistrering av gaupe varer frå 1. oktober til utgangen av februar, og fleire aktørar er med på å registrere familiegrupper av gaupe, koordinert av SNO.

Gaupebestanden i Noreg i fjor vart berekna å vere 393 vaksne dyr, ut frå 66,5 påviste familiegrupper. Ei familiegruppe består av ei hogaupe med ein eller fleire ungar.

– No er registreringssesongen for i år i gang, og vi oppfordrar publikum til å melde frå til SNO om de ser fleire gauper som går i lag, seier Jenny Mattisson, forskar i Rovdata, til rovdata.no. Ein kan melde frå direkte til SNO i området på telefon, eller i Skandobs – det skandinaviske rapportsystemet for store rovdyr, som òg finst på app.

(©NPK)

Foto: Vegar Pedersen/Statens naturoppsyn (SNO).
Foto: Vegar Pedersen/Statens naturoppsyn (SNO).