Andre nestleiar i KrF Sogn og Fjordane, Audun Mundal, må vente heime, medan leiar Beate Bondevik Lie og første nestleiar Stein Robert Osdal og fem andre delegatar frå fylket tek turen til Gardermoen for å drøfta partiet sitt vegval komande helg.

Går glipp av skjebnemøte

Sogn og Fjordane KrF sender fire «raude» og tre «blå» delegatar til KrF sitt skjebnemøte om politisk vegval komande helg. Mellom dei er ikkje andre nestleiar i fylkespartiet Audun Mundal frå Sandane. På det ekstraordinære fylkesmøtet på Skei gav han plass til ungdomspartiet.

Sogn og Fjordane KrF kan stille med sju representar til partiet sitt ekstraordinære landsmøte på Gardermoen 2. november. Mundal var ein av dei sju som valnemnda til møtet på Skei laurdag hadde innstilt som utsendingar til landsmøtet.

Også i Sogn og Fjordane er partiet delt, og i møtet på Skei vart det avgjort å sende delegatar i høve til korleis meininga var i salen. Dermed sender fylkespartiet fire representantar som ønskjer å gå vidare i ei ny regjering i samarbeid med partia til venstre for KrF (raudt alternativ), og tre som ønskjer seg inn i noverande regjering (blått alternativ).

I løpet av møtet kom det framlegg om at KrF sitt ungdomsparti burde få med fylkesleiar Sebastian Hjulstad som ein av delegatane frå fylket på landsmøtet. Ungdomspartiet hadde signalisert at dei ønskjer eit skifte mot raudt alternativ, og dermed var han foreslått bytta ut med Mundal då representane på «raud kvote» skulle veljast. Hjulstad fekk plassen, og Mundal vart sett opp som første vara til møtet.

Sogn og Fjordane sender desse sju representantane:
Raudt alternativ:
1. Beate Bondevik Lie
2. Stein Robert Osdal
3. Sebastian Hjulstad
4. Trude Brosvik
Vara:
Audun Mundal
Svein Årdalsbakke
Kjell Skaaheim
Sissel Viddal Laache
Venke Kolbotn

Blått alternativ
5. Frode Kleppe Holgersen
6. Raymond Myren
7. Irene Barmen Hoel
Vara:
Johan Vadøy
Svein Ottar Sandal
Dag Almenning