God handhygiene vil framleis vere viktig, meiner FHI. (Foto: Tryg).

– Gå tilbake til vanlege reinhaldsrutinar

Seniorrådgjevar Mette Fagernes ved Folkehelseinstituttet (FHI) meiner det ikkje lenger er naudsynt med regelmessig spriting av overflater.

No er altså råda om å halde ein eller to meters avstand, bruke munnbind og vasking av overflater ved hyppig brukte kontaktpunkt og utstyr, skrota.

Mette Fagernes seier likevel til NRK at det er naudsynt med handhygiene og godt reinhald. Det er viktig med tanke på mange smittsame sjukdomar, slik som omgangssjuke, norovirus med meir. Og spriting av hender kan vi godt halde fram med, meiner ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved dei fleste treningssenter blir folk oppmoda om å vaske treningsapparata med sprit når dei er ferdige med ein aktivitet. Treningskjeda Sats skriv i ei oppmoding på nettsidene sine at dei vil halde fram med grundig vask av apparat, og dei oppmodar medlemene sine til å vaske før og etter bruk.

Mette Fagernes i FHI seier at ut frå kunnskapen dei har no, så tyder det på at smitte frå overflater er ein underordna smittemåte, i alle fall når det gjeld covid-19.