Illustrasjonsfoto

Fyll og bråk i Stryn

Politiet fekk ei travel natt i samband med Oktoberfest i Stryn.

Ein bilførar stakk av etter ein kollisjon med eit anna køyretøy i ei rundkøyring på riksveg 15 i Stryn, men politiet veit kven vedkomande er, og jaktar på han. Kollisjonen skjedd i tre-tida natt til laurdag. Ingen personar kom til skade.
Politiet måtte også på handtere fleire andre hendingar. Litt før midnatt vart det meldt om to valdsepisodar. I den eine vart ein mann i 20-åra slått til med eit ølglas og send til legevakta for å sy. Gjerningsmannen vert politimeld. Kort tid etter vart ei vakt ved ein utestad slått ned. Her var gjerningsmannen i 40-åra.

Politiet måtte i tillegg ta seg av fleire tilfelle av slagsmål, bråk, skadeverk og tjuveri. I morgontimane vart det også meldt om ein stolen bil i Stryn. Her ønskjer politiet tips.

Illustrasjonsfoto.