STATSBUDSJETTET 2027: Fylkesordførar Jon Askeland tala Vestland si sak under høyringa om statsbudsjettet i Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. Foto: Skjermdump frå Stortingets nett-tv.

Fylkesordførar løftar viktige innspel frå Vestland til statsbudsjettet

Fylkesordførar Jon Askeland er fredag i Oslo for å tale Vestland si sak i statsbudsjettet. Første stopp er høyring i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Publisert

Under dagens høyring har Vestland fylkeskommune teke opp følgjande punkt:

  • Kostnadsveksten i kollektivsektoren opp mot fylkeskommunen sin inntektsvekst

  • Vedlikehaldsetterslep for fylkesvegane: vedlikehaldsmilliarden må vidareførast

  • Utvida rettar som følgje av lovendring for individuell tilrettelagd opplæring

  • Regionale utviklingsmidlar: avvikling av FORREGION

  • Avvikling av breibandstøtteordninga

Åtvarar mot kutt i kollektivtilbodet

Vestland opplever stort press på kostnadene i kollektivsystemet. Fylkeskommunane står i dei same utfordringane som regjeringa sjølv peikar på: tryggingspolitisk situasjon, vedlikehaldsbehov, klimatilpassing, digitalisering og samordning med andre politikkområde. I tillegg kjem bemanningsutfordringar, kontraktskostnader som aukar meir enn kommunal deflator, og høgare investeringskostnader til elektrifisering og ferjekaier i ei tid med høge renter.

– Vestland fylkeskommune må no gjere svært krevjande prioriteringar, og vurderer kutt i tenestetilbodet. Fylkeskommunane treng meir pengar frå staten for å oppretthalda kollektivtilbodet. Dersom målet med billegare prisar på kollektivtransport skal vere å få fleire til å reise kollektivt, må fylkeskommunane få meir pengar til å styrke kollektivtilbodet, uttalar fylkesordførar Jon Askeland.

Krev vedlikehaldsmilliarden tilbake

– Det er kritisk at den ekstra vedlikehaldsmilliarden som kom i revidert statsbudsjett i 2026 er teke ut av budsjettet. Med desse midlane har vi fått gjennomført mykje kritisk vedlikehald, som naudsynt bruvedlikehald og forsterking av vegnettet før dekkelegging. Vi vil difor be om at denne milliarden kjem inn igjen i budsjettet for 2027, er bodskapen til fylkesordføraren.

Vestland fylkeskommune har over 5 000 km fylkesveg, og er ein av dei største fylkesvegeigarane i landet. Fylkesvegnettet i Vestland har eit stort vedlikehaldsetterslep. Grovt rekna er dette på om lag 20 mrd. kr. Dette er berre kostnader for å setje til opphavleg standard, ikkje til utbetring av standarden. Det er også fleire drepne i trafikken på fylkesveg enn på riksveg.

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2027 er det prioritert midlar til drift og vedlikehald, til bane, flaumsikring og klimatilpassing. Dette er positivt, meiner Vestland fylkeskommune, men det omfattar berre staten sitt ansvarsområde.

– Eg saknar ei liknande satsing på fylkesvegnettet. NTP 2025-2036 omtalar fylkesvegnettet som omfattande og med viktig funksjon for å sikre framkome på vegar for persontransport og næringsliv. I tillegg har fylkesvegane ein viktig beredskapsfunksjon som omkøyringsvegar for riksvegnettet. Ei rekkje fylkesvegstrekningar i Vestland er viktige for militær mobilitet og for tilgang til kritisk infrastruktur som sentrale næringsområde, meiner Askeland.

Lovendring kan koste Vestland 180 millionar

Opplæringslova vart endra frå skuleåret 2024/25. Då fekk elevgruppa med behov for individuell tilrettelegging rett til vidaregåande opplæring ut det skuleåret dei fyller 24.

Fylkesordføraren meiner lovendringa vil føre til vesentleg auka kostnader for fylkeskommunen dei komande åra. 

Vestland fylkeskommune deltek i eit arbeid initiert av KS for å estimere kostnadsauken knytt til den utvida fullføringsretten. Arbeidet i regi av KS tyda i fjor på at kostnadsnivået for Vestland fylkeskommune isolert ville gå opp med om lag 45 mill. kr i 2026 og auke med 60 mill. kr kvart år i økonomiplanperioden, altså auke på 180 mill. kr i 2029. I statsbudsjettet er denne kostnadsauken ikkje inkludert i finansieringa fylkeskommunane har fått til gjennomføring av fullføringsreforma. 

– Utviklinga viser at prognosen for 2026 ser ut til å være reell, og det er venta at kostnadsnivået vil auke ytterlegare. Dette har allereie medført ei vesentleg økonomisk utfordring for fylkeskommunen, som vil auke i åra framover. Det er viktig at kommunalkomiteen tek omsyn til denne markante kostnadsauken i budsjettarbeidet, uttalar Askeland.

Vil redde forskingsprogram for små bedrifter

Fylkesordføraren er sterkt kritisk til at regjeringa igjen foreslår å avvikle FORREGION programmet.

FORREGION er det einaste nasjonale programmet som systematisk hjelper bedrifter som har behov for ny kunnskap gjennom forsking. Ordninga er særleg retta mot bedrifter som har liten eller ingen erfaring med forsking. Programmet er i mange samanhengar eit første, avgjerande trinn inn i forskingsverda for små og mellomstore bedrifter.

– Eit viktig innovasjons- og distriktspolitisk program som FORREGION kan ikkje leggjast ned utan debatt om korleis vi skal omstille og utvikle oss ved hjelp av forsking i dette landet. Fylkesordføraren viser i denne samanhengen til dei nasjonale måla om å ta heile landet i bruk og ber komiteen om å reversere forslaget i statsbudsjettet om å ta ut løyvinga til FORREGION programmet, seier Askeland.

Breiband er beredskap, ikkje eit anten/eller

Regjeringa foreslår å avvikle dei statlege midlane til breiband i budsjettet for 2027. Dette for å finansiera ei satsing på sikkerheit og beredskap i ekomnett og -tenester.

– Sikkerheit og utbygging av breiband bør ikkje setjast opp mot kvarandre. Vestland fylkeskommune ber Stortinget om å ta inn att breibandspotten når statsbudsjettet skal handsamast. Mange distriktskommunar har framleis ikkje tilstrekkeleg dekning til å dekke hushald og næringsliv. Vestland fylkeskommune understrekar at breiband er grunnleggjande infrastruktur på linje med straum og veg, og at støtteordninga gjennom fylkeskommunane har vore avgjerande for å nå dagens dekningsnivå, er bodskapen til Askeland.

Powered by Labrador CMS