– Kong Harald inspirerte oss alle til å bli betre menneske og medmenneske. Kongen var den største humanisten eg kan tenkje meg, så saknet er stort i Noreg no, sa fylkesordførar Jon Askeland då det vart kjent at Hans Majestet Kong Harald hadde gått bort. No er det klart at fylkesordføraren representerer Vestland i gravferda 9. september. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune.

Fylkesordførar Jon Askeland deltek i gravferda for kong Harald

Alle fylkesordførarane i landet er inviterte til å ta del i den kongelege gravferda i Oslo domkirke. – Ei stor ære, seier Askeland.

Hans Majestet Kong Harald V blir gravlagd frå Oslo domkirke onsdag 9. september kl. 13:00. Både utanlandske kongelege, statsoverhovud og andre offisielle representantar frå mange land deltek. I tillegg er blant andre stortingsrepresentantane og alle fylkesordførarane inviterte.

– Innbydinga følgjer vervet fylkesordførarane har som folkevalde. Eg ser det såleis som ei alvorstung ære å få representere innbyggjarane i Vestland i gravferda for Hans Majestet Kong Harald V. Vi minnast ein konge som har stått nær folket, også her hjå oss i Vestland. Kong Harald var ei samlande kraft og leia landet vårt gjennom sorg og glede på ein måte som han vil bli hugsa for gjennom generasjonar framover. Vi lyser fred over minnet hans, seier fylkesordføraren i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

Alle fylkeskommunane sender ei felles helsing og krans til gravferda i Oslo domkirke.



Powered by Labrador CMS