Biletet syner Kvamsfossen som er med i utbyggingsplanane, og som er eit av dei beste områda for rafting.

Fylkesmannen går mot kraftutbygging i Jølstra

 

gloppen hotell,NVE har for tida til handsaming to søknader om ei større utbygging i Jølstra. Søkjarane er Sunnfjord Energi AS som frå før har tre kraftverk i elva og Nordkraft AS som har avtale med grunneigarane ovanfor Stakaldefossen der Sunnfjord Energi i dag har eit kraftverk frå 1954.
Sunnfjord Energi si utbygging vil gje 176 GWh ny kraft medan Nordkraft sitt alternativ vil gje i overkant av 130 GWh.

Vil skade fiske og friluftsliv
Jølstra er i dag ei svært god og vide kjend fiskeelv og ei populær raftingelv. Jølster Rafting har tidlegare sagt at ei utbygging vil bety kroken på døra for deira aktivitetar.
Det er desse faktorane, nemleg fisket, fisken og det generelle friluftslivet knytt til elva som gjer at Fylkesmannen ikkje kan tilrå denne utbygginga.
Det er Olje og Energidepartementet som skal bestemme om det blir utbygging eller ikkje, etter tilråding frå NVE.

Her på Glppen Hotell skal Eid og Selje møtast onsdag til forhandlingar om samanslåing.
Jan Nik. Hansen smiler godt etter det etterlengta spranget...