Fylkeskommunane kan med midlane motverke permitteringar og oppseiingar, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

Fylkeskommunane får 300 millionar koronakroner til arbeidslivet

Fylkeskommunane får 300 millionar kroner til kompetanseutvikling for å hindre permitteringar og oppseiingar.

− Med desse pengane kan bedriftene bruke ledig kapasitet til å heve kompetansen og omstille seg framfor å permittere eller seie opp dei tilsette. På den måten kan vi motverke permisjonar og oppseiingar samtidig som fleire får auka kompetanse for framtida, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Pengane er øyremerkte bedriftsintern opplæring og skal brukast for å motverke permitteringar og oppseiingar og dessutan bidra til kompetanseheving.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fylkeskommunane som skal forvalte pengane, som er fordelte med eit likt beløp per innbyggjar. Dei blir utbetalte 6. april.

(©NPK)