Full fres på crossbana

– Vi har aldri hatt så stor bruk av Eidsmona motocrossbane som i sommar. No har vi aktivitet tre dagar i veka, seier primus motor i det lokale crossmiljøet, Simen Evebø.

Crossbana i Eidsmona er i bruk på tredje sesongen, og denne sommaren slår aktiviteten alle rekordar.

– Det er slik at litt regn og væte er bra for motocross. Då blir det lite støv og fine køyreforhold. Den fine sommaren i fjor var det langt mindre trafikk her, seier Simen.

Bana vart bygt med mykje dugnadsinnsats, nokre støttespelarar og så fekk ein nytte seg av overskotsmasse frå symjeanlegget og NoMil-utbygginga. Evebø rosar entreprenørane med Olav Hjelmeset i spissen for den hjelpa dei fekk. No har dei ei ca. 500 meter lang bane for vaksne, og ei eiga barnebane som unge podar heilt ned til fem år med sykkel kan bruke.

Les heile saka i papirutgåva fredag.