Foto: NTB/NPK.

Fryktar folk vil fryse i hel om straumen går 

Ein tredel av nordmenn er heilt avhengige av straum for å varma opp bustaden. Særleg i byane er mange dårleg førebudde på langvarige straumbrot.

Ei undersøking frå Fornybar Norge, utført av Norstat, viser at nordmenn i aukande grad manglar beredskap for lengre straumstansar. Tala viser at éin av tre hushald berre har straum som varmekjelde, melder NRK.

– I verste fall betyr det fare for liv og helse, seier pressesjef Thor Egil Braadland i Fornybar Norge til kanalen.

Han peikar på at mange nye bustader blir bygde utan alternative varmekjelder, og fryktar konsekvensane for sårbare grupper dersom straumen blir borte over tid.

– Dei aller fleste nyare blokkleilegheitene har verken pipe eller fjernvarme i dag. Så det er jo hovudsakleg eit prisspørsmål, seier Braadland.

I storbyane manglar over halvparten av innbyggjarane tilgang på alternativ oppvarming.

Tore Kamfjord, utgreiingsleiar i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, erkjenner at situasjonen ikkje er ideell, men meiner det finst tiltak:

– Om ein bur i ei leilegheit utan anna oppvarming enn elektrisitet bør ein anten vurdera ein gassomn eller ein parafinomn i beredskap, eller ha ein plan for kven ein kan reisa til, seier han. (©NPK)

Powered by Labrador CMS