Tove Hanne Ommedal.

Friluftshelg til tjue i stil

– Vi har vore heldige med denne veka på all måtar. Det har vore mykje folk på arrangementa rundt om, og dei har hatt det triveleg, sa Tove Hanne Ommedal då ho laurdag såg ut over folkemengda som kosa seg i sommarvarmen.



Det einaste arrangementet som kanskje mangla litt deltakarar, var triatlonen, men elles har vi inntrykk av at det var god oppslutning over alt.



Fullsett kyrkje

Kyrkjekonserten laurdag er blitt ein fin tradisjon som samlar mykje folk. Slik også i år, og det var ei fullsett kyrkje som tok i mot Hyekoret og alle dei andre som bidrog til at det vart ei minnerik stund i kyrkja.

Hyekoret, under dirigent Martin Eikeset Koren, kling veldig bra, men der er plass til fleire mannsstemmer. Dei stilte med fem nummer, inkludert Hyesongen som avslutta konserten. Om vi skal peike ut favorittar i repertoaret til koret, må det bli «Dette landet» av Odd Norstoga og «Har du fyr?» av Ola Bremnes.

Men den som imponerte mest under konserten var nok Bertine Aa, som leverte eit orgelnummer det står respekt av. «Et stykke» av Salve Kallevig vart framført på imponerande vis til stor applaus.

 



Ny organist

Det er Hyen sokneråd som står føre denne konserten og musikalsk ansvarleg, Marthe Aa, hadde sett saman eit fint program der Hyekoret starta og avslutta, og der unge talent elles fekk utfalde seg.

– Vi set stor pris på at så mange stiller, og eg har hatt tårer i augo under heile konserten, sa Marthe.

Ho har nettopp flytta tilbake til Hyen etter studiar i kyrkjemusikk ved NTNU.

– Det er førebels for eitt år, og så får vi sjå, fortalde organisten, som det komande året skal traktere orgelet i Hyen kyrkje, og som fekk mange gode tilbakemeldingar frå publikum etter konserten.

 





 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bertine Aa imponerte med orgelspelet sitt under kyrkjekonserten.
Hyekoret var eit berande element under konserten.
«Du skal ikkje sova bort sumarnatta», song Karine og Kristine Ommedal
-Eg har ikkje båt, sa båtbyggar Tor Øyvin Aa, som kjøpte lodd av Andres Rygg og håpa å vinne nordfjordfæringen til Lions.