Fredag er siste frist for å førehandsrøyste

Om du planlegg å førehandsstemme, må du få det unnagjort før vallokala stenger fredag.


Det er siste dag ein kan førehandsstemme til kommunestyre- og fylkestingsvalet i haust.


Når avstemminga då er avslutta, vil det berre vere mogleg å stemme på valdagen i den kommunen du er folkeregistrert i. Litt under halvparten av kommunane i landet har to valdagar. I mange kommunar blir dermed laurdag den einaste dagen ein ikkje har moglegheit til å stemme.



665.000 har stemt

Noreg har ein av dei lengste periodane førehandsstemming som finst, opplyser Valdirektoratet. Ved årets val var det mogleg å førehandsstemme frå 12. august til 6. september.


Tal frå Valdirektoratet viser at mange nyttar seg av ordninga. 665.000 førehandsstemmer var registrert torsdag morgon. Det er nesten 235.000 fleire enn på same tidspunkt ved førre kommune- og fylkestingsval.


Berre gjennom onsdagen gjorde 83.000 veljarar borgarplikta si. Kanskje var det mange som tok turen til stemmelokalet nettopp denne dagen fordi dei fekk ei tekstmelding med ei oppfordring frå Valdirektoratet om å bruke stemmeretten. Det vart sendt ut påminning til 4 millionar stemmeføre.



22 prosent i Oslo og Bergen

Hittil har 15 prosent av dei stemmeføre avlagt førehandsstemmer. Tala varierer ein del frå stad til stad. I Oslo og Bergen har nesten 22 prosent førehandsstemde.


Veljarane må ta med legitimasjon når dei skal stemme. Kravet til legitimasjonen er at han inneheld namn, fødselsdato og bilde. Det er ikkje nødvendig med valkort, men det er ein fordel.


På nettsida valg.no ligg ei oversikt over kvar du kan førehandsstemme og opningstidene til lokala. (©NPK)