
– Framstår som useriøst
Senterpartiet, KrF og Venstre vil at Kystverket gjer ferdig anbodsarbeidet til Stad skipstunnel.
Dei tre partia reiser forslag i Stortinget der dei ber regjeringa sikre at Kystverket fullfører forhandlingane med entreprenørane som har meldt interesse for å bygge Stad skipstunnel.
- Det gjev inga meining å kortslutte dette arbeidet no. Rundane om kostnadsreduserande tiltak er ikkje fullført og Stortinget veit ikkje endeleg pris på prosjektet. Derfor er det viktig at denne jobben blir ferdiggjort, seier Erling Sande, stortingsrepresentant frå Senterpartiet, i ei pressemelding.
- Dette handlar ikkje bare om éin tunnel. Det handlar om vekst. Kysten vår lever av sjø, industri og eksport - med næringsaktørar i verdensklasse. Vi bidrar tungt til statskassa, så når verdiane skal fordelast til infrastruktur og investeringar, kan vi ikkje hamne nederst i bunken kvar gong, seier stortingsrepresentant Harry Valderhaug i KrF.
- Stad skipstunnel er både omtala i Nasjonal Transportplan og har vore planlagt i lang tid. Folk har flytta frå heimane sine, og næringsliv og kommunar har brukt store ressursar på planlegging. At Ap-regjeringa no vil avslutte arbeidet før forhandlingane om pris for prosjektet er fullført, framstår som useriøst, seier Venstre-leiar Guri Melby.