Torbjørn Vereide (t.v.) og Alfred Bjørlo forlet no fylkespolitikken til fordel for politikkutforming i nasjonalforsamlinga. Foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune.

Frå fylkestinget til Stortinget

Vestland som teknologilandsdel, grøn omstilling i næringslivet, bukvalitet og samarbeid er sentrale tema for dei ferske stortingsrepresentantane Torbjørn Vereide (A) og Alfred Bjørlo (V).

Dei to har søkt fritak frå verva som fylkestingsrepresentantar etter at veljarane tidlegare i september gav dei adgangskort til Stortinget. Dei vart takka av på fylkestingsmøtet 29. september. Også Linda Merkesdal (A) forlet no fylkestinget til fordel for Stortinget, men ho hadde forfall til møtet i Sogndal.

Teknologilandsdel

Med seg frå fylkestinget fekk dei både blomster, ei gåve og store forventingar til korleis dei vil jobbe for fylket frå andre sida av langfjella. Begge er opptekne av teknologi og omstilling i næringslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har alltid vore ein teknologilandsdel, til dømes når det gjeld kraft og prosessindustri. Den fagkompetansen skal vi utnytte også framover med omstilling og det grøne skiftet. Vi er ein landsdel med utfordringar, men med endå fleire moglegheiter. Om næringsliv, regionen – og ikkje minst vi – gjer jobben, vil omstillinga framover gjere oss endå sterkare, slår Vereide fast.

Bukvalitet viktigare enn før

Bjørlo meiner det siste halvanna året har opna nye moglegheiter, og at bukvalitet blir eit stikkord framover.

– Det blomstrande næringslivet vårt kombinert med at vi ikkje lenger må flytte til Oslo for toppjobbar eller utdanning, er viktig. Teknologi opnar for utflytting. Samtidig blir bukvalitetane på ein stad og i ein region stadig viktigare. Vi kan ikkje lenger styre arbeidsplassar til ein stad, og forvente at folk følgjer etter. Det blir grunnleggjande for fylket å jobbe saman med kommunane og andre om dette framover, seier han.

Saman og på tvers

På spørsmål om korleis dei vil jobbe for Vestland på Stortinget, kjem svaret kontant.

– Saman. Vi vil jobbe saman på tvers av partigrenser, og saman som ein vestlandsbenk. Tida for gamle fogderi og geografiske skiljelinjer er forbi. Når vi samarbeider får vi til mykje, seier Vereide.

Dei er også opptekne av samarbeidet med forsamlinga som no har takka dei av.

– Fylkesordføraren og fylkeskommunen har under koronapandemien etablert eit nært samarbeid med vestlandsbenken på Stortinget. Det vart gjort som eit krisetiltak, men vi må halde på denne måten å jobbe på, meiner Bjørlo.

Nye faste representantar i fylkestinget blir:

Artikkelen held fram under annonsen.

Katrine Johannessen (A) for Torbjørn Vereide

Eirik Haga (A) for Linda Merkesdal

Agnes H. Bernes (V) for Alfred Bjørlo