Ivar med drone. (Foto: Espen Nyttingnes)

Fortel historia til Bulandet-familie

Små øysamfunn er sårbare, og gode tilbod er viktige for å hindre fråflytting. Ruben Fedøy frå Bulandet er ein av dei som har kjempa for at innbyggjarane på øya skal ha fiber. Det vart det film av.

Då Enivest fekk klarsignal om at dei fekk lov til å fortelje historia til Ruben og familien, sendte dei det lokale filmteamet frå Findriv og Rakkar til Bulandet for å dokumentere kva fiber betyr for det vesle øysamfunnet.

– Gode kundehistorier i filmformat er ein fin måte å fortelje om kva vi jobbar med og for, seier Christiane Ulriksen, ansvarleg for sal og marknad i Enivest. Ho takkar Ruben med familie for at dei har fått ein fin og mektig film som er med på å fortelje kva Enivest står for.

I filmen får vi innblikk i kvardagen til Ruben og familien, og korleis det er å bu lengst vest i havgapet. Ruben er både fiskar, kjøpmann og medeigar i tarebedrifta Seaweed, og kjend for å stå på for øysamfunnet. Han var ein av dei som tok initiativ til at Bulandet skulle få fiber.

– Det er så enkelt som at vi må ha det som alle andre har, og i dag er godt og stabilt nett nesten like viktig som straum og mobildekning. Om ein eller to familiar finn ut at det ikkje er godt nok å bu her, så kan det få store konsekvensar. Bedriftene er også avhengige av godt nett for å overleve, er bodskapet til Ruben i filmen.

Flotte bilete av mektig, urørt og aude natur, syner at det ikkje er eit sjølvsagt område å ha fiber i.

– Å tilby fiber til Bulandet og Værlandet er ein stor og krevjande jobb for Enivest. Men det er også ein svært viktig jobb.

Enivest ville vere med på å bygge Sogn & Fjordane for menneska og bedriftene her. Difor tek vi jobben med bygging av breibandsnett også i utkantane. Det er med på å løfte regionen vår inn i framtida, og dette er eit arbeid vi brenn for.

Filmen er med på å dokumentere kva det betyr for innbyggjarane og bedriftene på Bulandet å ha fiber, seier Christiane Ulriksen.

Espen Nyttingnes på jobb i Bulandet: (Foto: Ivar Høyvik)