Styret, engasjerte og tilsette i Jakob Sande-senteret (frå venstre) Janne Karin Støylen, Liv Hege Skagestad, Rolf Øvrebust, Miriam Prestøy Lie og Simen, Marie Høgseth Felde, Ola Hovland, Trude Felde, Margrete Reisæter, Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim, Grete Sjøhagen Nedrebø, Jon Werede Hope. Foto: David Zadig.

Forslag om ein million til Jakob Sande-senteret

I førre statsbudsjett løyvde Kulturdepartementet ein million kroner til oppstart av eit 3-årig arbeid med å bygge eit senter for forteljarkunst tufta på Jakob Sande sitt liv og virke. No kan dei glede seg over at støtta er vidareført i statsbudsjettet for 2021.

– Vi er jublande glade for at regjeringa med kulturminister Abid Raja i spissen gir oss denne støtta, seier Liv Hege Skagestad, leiar ved Jakob Sande-senteret i ei pressemelding.

Senteret, som har hovudsete på Klokkargarden i Dale i Sunnfjord, opna 15. august 2020. Senteret skal forske på og formidle kultur og byggje opp eit fagmiljø innan forteljarkunst.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)